Båtutleige
Selje Hotel har eit par småbåtar til utleige for hotellet sine gjester. I Selje kommune finn du også vatn og elvar som egnar seg godt for aurefiske. 

Selje Turistinformasjon:
P: 57 85 66 06
turistinfo@selje.kommune.no 

Opplev Hakkalegarden
Har du  sett serien  MARIT  og DYRA  på  NRK-Super ? Hakallestranda  ligg  ca.  50 min med  bil  frå  Selje Hotel.
Ta med  familien  og  bu  på  Selje Hotel  og  besøk  Hakkalegarden og  alle  dyra frå  serien  på  NRK-Super.  
 
MARIT OG DYRA
Marit bur på Hakallegarden ilag med mamma, pappa og mange dyr.

Då Marit vart 6 år, starta NRK Super å filme livet til Marit og dyra på Hakallegarden. Her møter du hundar, kattar, kyr, lure esel, hestar, kyllingar, alpakka, fantete grisar, og mange andre. Å ha så mange dyr, betyr også betyr også mykje styr, og her fortel Marit om korleis det er når dyr vert fødde, slakta, blir sjuke, eller kanskje berre lurer oss trill rundt :-)
Seria er på 8 episoder, som  du  kan  sjå  på  NRK-Super

Adresse: Hakallestranda, Vanylen
Tlf: Aina 900 68 996
     Olav 971 92 066
E-post: aina@hakalle.no
 
Golf
Selje Golfklubb har ei variert og spennande bane som ligg midt i bygda, berre 500 meter frå sentrum. Golfbana i Selje er vanlegvis spelbar heile året. Driving rangen er open kvar dag frå april til midten av oktober. Klubben har og svært rimelige prisar på medlemskap og Grønt Kort-kurs, og har difor rundt 1000 medlemmer, dei fleste fjernmedlemmer. Fjernmedlemmane har rett til fri bruk av golfbana i Selje. 

Selje Golfklubb
P: 41 23 39 44
www.seljegolfklubb.no

Surfing
På Stadlandet er det fine surfspots. Den sikraste stranda å finne surf på er den vakre Ervikstranda. Der finn du ei eksponert sandstrand som tek inn swell frå sødvest til nordvest. Når det er bølgjer frå vest er det Hoddevik som fungerer best. Hoddevik er svært godt egna for surf under ekstreme vindforhold på grunn av dei høge fjella som skjermar stranda frå den verste vinden. STADSURFING arrangerer kurs både for nybyrjarar og vidarekomne, utleige av brett, våtdrakter og vinterdrakter. 

Selje  Stad Surfing
P: 57 85 69 44 / 93 09 14 39
www.stadsurfing.com
 

Fotturar

Flott turterreng med mange merka stiar. Like ovanfor hotellet går det trappesti til Risnakken med stiar vidare innover fjellet. Å gå på fjelltur på Stadhalvøya, er ei spesiell oppleving fordi ein har utsyn mot det mektige storhavet samstundes som ein er høgt til fjells. Langs strendene er det livet i fjæra og dei flotte runde steinane som gjer mest inntrykk. Turkart for kommunane Selje og Vågsøy kan kjøpast på turistinformasjonen, over 80 forskjellige turforslag er nemnde i kartet. Gamle kyrkjevegen frå Liset til Dragseidet, øyvandring på Selja i pilegrimane sine fotspor eller ein dramatisk tur frå Indre til Ytre Fure er nokre av desse. 

STADT NATURGUIDING:
Tilbyr guida turar på Stadthalvøya med innlagt kulturoppleving. Priseksempel 2010 for : Tur til Fure, Ervik eller Hoddevik kr. 300.- pr stykk ved minimum 4 personar. 
Grete Solberg Fure
P: 415 13 473 / 578 57 218
 www.stadtnaturguiding.no 

FRIMANNSBUA
Midt i hamna i Selje ligg hotellet si kystkro Frimannsbua. Bua er kalla opp etter prest og diktar Claus Frimann som var fødd i Selje i 1746. Frimannsbua er open i sesongane (sommar, jul, påske) og er også godt egna til private selskap. Kaiservering, pub, biljard og kystkrostemning. 

GJESTEHAMN
Gjestehamn i Selje sentrum. Straum og vatn. Vaskerom/dusjar/toalett ligg 1 min. fra hamna. Gjestehamnavgift betalast på Turistinformasjonen. 

 

Fiske

Ervik- Ervik-vassdraget, nedre del Elvane i Morkadalen. Dalsbøvatnet. Morkavatnet og Sætrevatnet Årsheim Fiskedam med aure. Tel. +47 57 85 95 45 Selje - Berstadvatnet Barmen

SELJE KLOSTER - Klosterbåten/Vestkapp Båtservice

Selje - Båttur til klosteret på øya Selja 

Selje Turistkontor. mail: turistinfo@selje.kommune.no 

Ingen kjem til klosteret på Selja utan å undre seg-og ingen reiser derifrå urørt. Berre 15 minutts båttur frå Selje sentrum ligg den sagnomsuste øya Selja, som dei fleste forbind med legenda om St. Sunniva. Kongsdottera Sunniva som flykta frå Irland på 900-talet, leid martyrdøden på Selja. I år 996 fann Olav Tryggvason henne, og same år vigsla han henne til den heilage Sunniva - Noregs fyrste helgen. Frå 1086 til 1170 var Selja bispesete for heile Vestlandet, og tidleg på 1100-talet bygde benediktinarmunkar eit kloster på øya. I dag finn du dei best bevarte klosterruinane i landet på Selja, og du kan og vitje Sunnivahola der den irske kongsdottera leid martyrdøden. Dette plasserer Selja i norsk historie og er den største og mektigaste attraksjonen som Selje har å by på.Guida turar dagleg i sesongen, elles for grupper på bestilling. 


MONUMENT OG STATUAR

Leikanger, Stadlandet - Dragseidet /Olavskrossen reist til minne om at Olav Trygvasson kristna "menn frå 4 fylke" i 997 

Selje : Bernt Tunold, "den store Vestlandsmålaren frå Selje", - statue i parken i Selje.

Sunnivastatuen i kvit marmor er laga av Arne Mæland og står på  torget i Selje sentrum.


KYRKJER

Opningstider: Tel. +47 57 85 66 06 / Fax +47 57 85 68 36

* Ervik Kyrkje 
* Leikanger Kyrkje 
* Selje Kyrkje 
* Selje Prestegard 

UTSIKTSPUNKT

Vestkapp / Kjerringa. (497 m.o.h.)Fjellklippa er nesten flat pa toppen og stuper bratt ned i havet. Fin utsikt over Sunnmørsalpane, Hornelen, Ålfotbreen, og det frykta Stadhavet.

Risnakken,  trappeløype rett ovanfor  hotellet,  flott utsikt frå toppen.

VESTKAPP OG STADLANDET

På Stadlandet finn du Vestkapp-platået, som ligg på Kjerringa, 497 meter over havet. Vestkapp er det vestlegaste fjellplatået med fastlandssamband i Noreg og Nord-Europa. Eit besøk på Vestkapp er ei flott oppleving - uansett vèr! Ei utflukt til Stadlandet byr, i tillegg til storslåtte naturopplevingar, på historiske attraksjonar og særeigne bygdesamfunn, som det sjarmerande klyngetunet på Indre Fure. Over det 170 meter høge Dragseidet drog vikingane skipa sine når det var dårleg vér og vanskeleg å sigle rundt Stad. På Dragseidet kristna Olav Tryggvason fire fylke i år 997. Til minne om dette vart det reist ein stor steinkross med fire mindre steinar rundt. Vegkyrkja Ervik kyrkje ligg vakkert til ved den fine sandstranda i Ervik. Kyrkja, som blei bygt til minne om hurtigruteskipet St. Svithun som forliste her i 1943, fortel si eiga soge om redningsdåd, sjømannskap og nestekjærleik. Leikanger Kyrkje har preikestol og to altertavler frå 1500-1600 talet. Deler av denne kyrkja har vore flytta to gonger. Fyrst frå øya Selja til Selje i 1654 og frå Selje til Leikanger i 1866.

BARMEN

Øya Barmen har truleg fått namnet frå den karakteristiske fjellformasjonen, der ein kan sjå ei barmfager kvinne slynge seg frå fjellet Skjolden nedover furuskogen. Bygdelaget på Barmen er oppteken av å ta vare på historie og tradisjonar. Runesteinar, bautasteinar og gamle gravhaugar på øya, vitnar om aktivitet frå eldre steinalder og vikingtida. I Fjellvatnet på Barmen kan du fiske fine regnbogeaurar. Desinfiseringsstasjon og betaling er sjølvbetjent, og er godt skilta og forklart. Her er bestanden med størst tettleik av hjort i distriktet (hjortesafari). Høve til å kjøpe jaktløyve. Grendahus med øymuseum. 

W: www.barmen.no 

ATELIER/GALLERI

Atelier Amdam - Galleri mot storhavet
P: 57 85 66 56

DOKTOARGARDEN - Galleri Salen
P: 57 02 01 89 / 91 86 56 34
Klosterutstillinga - v/Selje Turistinformasjon
P: 57 85 66 06

SKJORTEFABRIKKEN SELJE AS
P: 57 85 92 00
www.selje.com

SAGA BOATS
P: 57 85 84 80
Dei flotte Sagabåtane blir produsert i Selje. 
www.sagaboats.no
Ynskjer du fleire opplysningar om Selje og kva vi har å by på, kan du og kontakte turistinformasjonen 

Turistinformasjonen
P: 57 85 66 06
turistinfo@selje.kommune.no 

Booking
P: 57 85 88 80
post@seljehotel.no 
thalasso@seljehotel.no 
klikk her  
 
      
Følg oss på "Facebook"
            
 Selje Hotel            Selje Thalasso Spa
 
 
Reklamefilm  Selje Hotel
 
Restaurant
klikk her

kurs og konferanse
klikk her

sjå større m/pris