RESTAURANT



I restauranten serverer vi lunsj (2 rettar m/kaffi), dagens middag (3 rettars meny eller buffet) dagleg, smårettar og selskapsservering. Catering kan også bestillast frå kjøkenet vårt. 

I Selje og på Stadlandet har dei rike tradisjonar på å drive fiske. Tidleg på 19-hundretalet rodde dei vinterfiske ifrå færingar og mange er historiene om harde tak på sjøen. I dag har Selje den største banklineflåten i Norge. 

Seljeværingen sitt nære samband med sjøen, gjer at Selje Hotel alltid har hatt lett tilgang på fersk sjømat. Frå dei lokale sjarkane kjem det inn blodfersk torsk og sei, frå Stattfisk hentar vi breiflabben, steinbiten og andre djupvassfiskar. I Moldefjorden dreg dei opp sjøkreps og langs Furestranda kjem sjølaks og lekker hummar inn, alt etter sesongsvingingane. Silda er viktig for Selje Hotel. Frå Domstein sitt anlegg i Selje kjøper hotellet 5-600 kg storsild kvar vinter. Silda blir salta, tørka, noko røykt , noko bokna – dette blir m.a. til lekker snacks servert på puben. Per Stave leverer klippfisk og lutefisk, og frå Barmen hentar vi rakefisken til Fjellfisk. Skaldyr av ymse slag er også lett å få tilgang til og fiskekakene til Geir (kjøkensjefen) er det ekstra rift om. Villsau, geit og hjort er også lokale spesialitetar og hotellet har gode samarbeidspartnarar innan lokale gardsmatleverandørar. 

Planlegg du selskap eller eit spesielt arrangement, kan du be om forslag til ein meny med lokale råvarer. 

Hotellet har brukt lege Trude Hetland/Fedonklinikken som rådgivar i kosthaldsrådgiving for Spa Thalasso gjester. Eit tilnærma middelhavskosthald med sterk seljeprofil er resultatet. Vi serverer gjerne kystmat. Det skulle berre mangle. I krabbesesongen lagar vi gjerne krabbefest for grupper på Frimannsbua, hotellet si kystkro, midt i hamna i Selje. 

* Lunsj: kl 13.00 – 15.00 
* Middag: kl 19.00 – 21.00 
* Frukost: kl 07.30 - 10.00 (10.30 søndag) 
* LUNSJ: kl 12.30 - 14.00 (SØNDAGLUNSJBORD: 13.00 - 15.00) 
* KAFFI MED "NOKO ATTÅT": Kl 13.00 - 19.00 (RESEPSJONEN) 
* MIDDAG/SMÅRETTAR/DAGENS VARMRETT: kl 19.00 - 21.00 
 
A la carte meny    pdf. fil
 
 

Booking
P: 57 85 88 80
post@seljehotel.no 
thalasso@seljehotel.no 
klikk her  
 
      
Følg oss på "Facebook"
            
 Selje Hotel            Selje Thalasso Spa
 
 
Reklamefilm  Selje Hotel
 
Restaurant
klikk her

kurs og konferanse
klikk her

sjå større m/pris