|
|
Bilder spa thalasso
|
Nytt og lekkert ...
Thalasso avdeling v/massasjerom Thalasso avdeling 1. etg.
  Vår fransk/tsjekkiske thalassokonsulent Hana Cathala har i 2009 vore på gjenvisitt i Selje. Cathala vart engasjert av Selje Hotel i 1998 som fagkonsulent i
samband med nyskapinga Selje Spa Thalasso. Saman med arkitekt Vidar Lerum har Cathala hatt ansvar for oppbygginga av senteret;, design, innkjøp av spesialutstyr, opplegg for inntak av sjøvatn (direkte frå Stadhavet) m.v. Ho har stått for spesialutdanning av thalassoterapeutar , formidla kunnskap om thalassoterapi og laga opplegg for kvalitetsikring av senteret i Selje. Vi er glade for at Hana Cathala, ei av Europas aller fremste ekspertar innan Wellness, framleis er engasjert som fagkonsulent for Selje Spa Thalasso.
Cathala er imponert over senteret vårt, ho understrekar kor viktig det nå bør vere å få fram at det berre er i Selje at ein kan få thalasso i Norge. Det friske brusande hav vatnet som blir pumpa inn i hotellet direkte frå Stadhavet med vidare kontakt heilt ut i Atlanteren, blir nytta i helsebringande behandlingar som gir energi og styrkar oss på fleire måtar. Det ligg stor vitenskap bak thalassoterapien og desse behandlingane kan ikkje samanliknast med ei vanleg spa behandling, understrekar Cathala. (ref.:" le guide de la thalassotherapi" av Caroline Faesch, France Loisirs, Paris 1997 ( bok 223 sider). "Wellness" av Hana Cathala, Grada Publishing, a.s. 2007 ( bok 170 sider)) Sjå: http://www.spaconsulting.eu/
Massasjebad med sjøvatn, Jet.dusj og Dusj Affusjon er behandlingar som m.a. journalist Frode Stang omtalar som "Kongelig luksus og Paradisbehandling i tropisk regn . Slik hadde nok de gamle keisere i Romerriket det. Dette er den beste anti-stress behandling jeg noensinne har fått. Det setter en i en tilstand der hele systemet, både fysisk og psykisk, faller til ro og man kan reflektere over livet i trygge og vennlige omgivelser. Terningkast 6" (Frode Stang, Seljemagasin nr.25, 2009)
Nå har beauty og massasjeavdelinga fått nye friske fargar i stil med siste nytt frå Paris. Turkis som hav, grønt som natur, beige som sand og brunt som jord. Elden er representert med levande lys.
Spesialutstyret på thalasso avdelinga er også fornya med det aller siste nye på marknaden, direkte importert frå Frankrike, thalassoterapien sitt heimland. Lekre varmetepper i orange og brunt med infra raud varme, ny dusj affusjonsmadrass med glasskjerm klar til å gi deg ein spirituell massasje.....
Kom og prøv, - du vil nyte det....Velkommen

Massasje rom Massasje rom
Behandlingsrom mjuke hender/manikyr/pedikyr Massasje rom
Hudpleie rom
Varmeteppe Body Slim med infra raud varme og Dusj Affusjon (paradismassasje i tropisk regn frå Stadhavet)
nye fargar frå Paris.
(innpakning med algar direkte importert frå Tunisia)
Thalassobad/hydroterapibad (oppvarma hav vatn/undervassmassasje)
Jet-Dusj("høgtrykkspyler"
kroppen punkt for punkt med oppvarma
sjøvatn)
|
|
|
|
|